Korleis såg husa i Noreg og på Jæren ut før? Kva er eit laft og kvifor hadde dei stein til vegger og torv på taket? Me undra oss over byggjeskikk før og no og prøvar å lafta eit hus.

Kort om opplegget:

  • Me undrar oss over og talar om husbygging før og no.
  • Delta på bygging av eit lafthus.
  • Utforsk utstillingane på Vitengarden og besøk dyra på garden.

Kva kan me læra:

  • Vert kjende med ulike tradisjonar, levemåtar og familieformer
  • Vert kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar
  • Bruker kroppen og sansane for å utvikle romforståing
  • Undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar
  • Stimulere og støtte barnas evne til problemløysing og hjelpe dei til å vere uthaldande
  • Lagar konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på

 

Barnehagar 3- 6 år

Tidsrom: Heile året

Varigheit: 1 time

 

Send førespurnad