Byggeskikk

… og hus skal me ha…

På det vêrharde Jæren har vêret, klimaet, landskapet og knappe materialressursar prega byggeskikken. I mangel på trevirke blei både torv og stein nytta til byggemateriale. Jærhuset var karakteristisk for Jæren fram til 1.verdskrig, etter kvart blei dei sjeldnare og nå er dei i ferd med å forsvinna heilt. Husa er låge og symmetriske eller tilnærma symmetriske. Det mest typiske er skutane som oftast peika mot nordvest og søraust og isolerte tømmerkjernen.I utstillingane kan du lafta eit Jærhus, setta deg inn i det og kanskje drøyma om å bu i ei slik lita stove.

Ved sidan av Jærhuset står eit grindbygg – ein vanleg byggemåte for uthus, naust og mindre hus på Vestlandet. Det er den eldste byggemetoden på Vestlandet, kjent frå langhusa i tidleg bronsealder. Grupper kan vera med på å setta opp grindbygget.