Setesdølar til topps i realfagkonkurranse

Statoils realfagspris er ein del av Morgendagens Helter. Prisen er eit samarbeid mellom Statoil og seks regionale vitensenter i Noreg. Konkurransen har blitt halden årleg sidan 2002.

For andre gong vart det arrangert regional finale i Statoils realfagspris i Rogaland. Finalen var på Vitengarden og deltakarane kom langvegs ifrå. Regionen omfattar Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland og Telemark, og 12 elever med til saman 5 oppgåver var med i konkurransen.

Alle deltakarane var til stades under den regionale finalen. Dagen starta med bedriftsbesøk hjå Årdal Maskinering, kor Frank Vignes tok dei med rundt i bedrifta. Deretter gjekk turen til TINE meieri Jæren, kor Kirsten Undheim Øfsteng fortalte om det nye meieriet. Prisutdelinga og kåring av regionale vinnarar var på Vitengarden.

Statoils HMS-direktør for norsk sokkel, Marianne M. Bjelland (prisutdelar), meiner at det er viktig å inspirera dei unge til å satsa innanfor teknologi og naturfag.Ho delte sine erfaringar frå oljebransjen og kva opplevingar og utfordringar dette hadde gitt ho.

Juryen si vurdering: ”Gruppa si framstilling av oppgåvene er ryddig og oversikteleg, samt at dei har prioritert ein fin design. De har arbeidd grundig med oppgåvene. Drøftinga deira syner ei forståing av at å gjennomføre ei løysning ikkje berre krev tekniske, men også økonomiske og politiske løysningar.”

Regionale vinnarar er: Scott Bunting og Laura Flottorp frå Setesdal vgs avd. Hornes. Desse fekk 5000,- kvar og går vidare til den nasjonale finalen i Bergen 23. mai. Her konkurrerer dei med finalistar frå resten av Noreg og kan vinna ein tur ut til ei plattform i Nordsjøen og 50 000,- til klassen sin.

bilde01 - Vitengarden på Nærbø - Photo Harald Pettersen - Statoil

Biletet viser dei to vinnarane, Laura Flottorp og Scott Bunting, Setesdal vgs. Foto: Harald Pettersen, Statoil.

Statoils prisutdelar og Vitengarden ynskjer dei regionale vinnarane lykke til vidare i den nasjonale finalen.