Sauen, hunden og gjetaren

I samband med at Vitengarden planlegg å opna ei ny, fast utstilling om sauen er det oppretta ein blogg.

Foto: Anne Helen Robberstad

Bloggen vert ei slags dagbog frå planleggingsarbeidet med utstillinga.

Utstillinga skal formidla heiaføringa slik det føregår i dag, og trekke trådane bakover i tid. Korleis gjetarane er avhengige av hunden i arbeidet, årssyklusen til sauen, livet saman med dyret, ulla og mykje anna.

Utstillinga skal opne i 2018, og planleggingsarbeidet føregår fram til juni 2017.

Med bloggen håpar Vitengarden at folka som me har vore i kontakt med i samband med prosjektet og andre interesserte får eit innblikk i korleis ei utstilling vert til, samt har mulegheit for å koma med innspel, idear og tips. Bloggen vil og verta brukt til å etterlysa informasjon, utstyr osv som ein ikkje sit på sjølve.

Besøk bloggen her.