Så gjør vi så – klesvask i 100 år

Sundag 14. april opna to utstillinger på Vitengarden.

«Så gjør vi så… – klesvask i 100 år» er ei utstilling om utvikling av vaskemaskinar på Jæren frå 1913 til 2013 og «Lappete, lusete, fillette – ren… Skittentøyets kulturhistorie» som er ei vandreutstilling frå Kvinnemuseet.

Vaskemaskin-page-001

For hundre år sidan, i 1913, fekk kvinnene røysterett i Norge. Samtidig kom dei første vaskemaskinene i handelen. Vaskemaskina blei viktig for kvinnene. Ho både letta arbeidet og frigjorde tid slik at dei mellom anna kunne delta aktivt i politisk arbeid.

I samband med røysterettsjubileet har me laga ei utstilling om vaskemaskiner på Vitengarden. Her kan ein sjå vaskemaskiner som er hundre år gamle, og følgje utviklinga fram til den heilautomatiske som i dag er vanleg i alle heimar. Det er vaskemaskinar laga av lokale ”Petter Smartar”, og fabrikkproduserte. Nokre veit me mykje om, nokre veit me lite eller ingenting om. Me håper derfor at publikum kan hjelpe oss med kunnskap om lokal vaskemaskinproduksjon.

Den andre utstillinga som opnar er «Lappete, lusete, fillette – ren… Skittentøyets kulturhistorie». Utstillinga vart laga av Kvinnemuseet i 2006, og vil nå bli presentert på ny på Vitengarden. Den viser utviklinga av menn og kvinner sine rutiner for klesstell og hygiene frå Eilert Sundts tid og fram til i dag, med fokus på kjønnsroller og familieliv.

Begge utstillingane skal stå på Vitengarden fram til oktober.

Her kan du sjå reportasje frå utstillinga, laga av NRK Rogaland.

For meir informasjon om sjølve utstillinga, kontakt rådgjevar og utstillingsansvarleg, Anne Jorunn Frøyen. Telefon 51 79 94 20.