Prøv deg som dyrlege i vinterferien

DYRLEGEN
– sjå kor lik du er grisen!

I vinterferien (mandag – fredag) på Vitengarden får du bli betre kjendt med dyrlegen. Kva gjer han? Og korleis behandler du eit sjukt dyr? Koss ser organa til grisen ut?

Det er 3 hovudaktivitetar du kan vera med på:

1. Bli med dyrlegen på garden
På garden får du møta dyrlegen og bli med rundt og sjå på dyra. Dyrlegen vil fortelja om arbeidet sitt, kva utstyr han bruker og korleis sjuke dyr vert behandla.

2. Besøk smådyrklinikken
Inne på Vitengarden er det sett opp ein feltklinikk. Her har me mange sjuke kosedyr, som me håper du kan hjelpa oss med å pleie. Har du kanskje eit kosedyr heime som er skada? Ta det med til smådyrklinikken slik at det kan verta friskt.

3. Organa til grisen – inni er me like
Sjå koss grisen ser ut inni! Ta på hjarta, lungene og leveren. Korleis kjennest det? Er organa like dei som menneska har? Korleis grynter grisen?
Meld deg på aktivitet 3 når du kjem til VItengarden. Klokka 11:30, 12:30 og 13:30. Kr. 15 per person i tillegg til vanleg inngangspris.

I tillegg til programmet om dyrlegen så kan du få utforska alle utstillingane på Vitengarden. Gå i myra, test deg mot roboten og hopp i høyet på løa.
I kafeèn er det eigen dyrlege meny, og butikken er open.

Velkommen til Vitengarden!

Grisen ute

Takk til PRIMA Jæren, Tu dyreklinikk og dyrlege Vidar Nedrebø som er samarbeidspartnarane våre i vinterferien.