Praktisk informasjon

Her har me samla litt praktisk informasjon som kan vera gildt å vita før du besøker Vitengarden. Velkommen til gards!

Når er det ope på Vitengarden?

Ordinære opningstider:

Måndag: 10.00-15.00

Tysdag: 10.00-15.00

Onsdag: 10.00-15.00

Torsdag: 10.00-15.00

Fredag: 10.00-15.00

Laurdag: Stengt

Sundag: 12.00-17.00

Sjå denne sida for oppdaterte opningstider i feriar, heilagdagar og for andre unntak.

Kor mykje kostar det?

Vitengarden har følgjande billettar og prisar:

  • Barn under 4 år: Gratis
  • Barn 4 til og med 17 år: kr. 75,-
  • Student: kr. 75,-
  • Vaksen: kr. 145,-
  • Maksibillett ( 2 vaksne + 3 barn): kr. 390,-

Ein billett kan nyttast på alle Jærmuseet sine anlegg same dag.

Du kan kjøpe inngangsbillett på førehand eller når du kjem til garden.

Årskort:

Eit årskort svarar seg ved 3. besøk og kan nyttast på alle musea til Jærmuseet. Det er følgjande typar å velga mellom:

  • Årskort familie (2 vaksne + 4 barn): kr. 1100,-
  • Årskort familie mini (1 vaken + 3 barn): kr. 760,-
  • Årskort besteforeldre (2 vaksne + 4 barn): kr. 1000,-
  • Årskort bestefar/bestemor (1 vaksen + 3 barn): kr. 700,-
  • Årskort vaksen: kr. 450,-
  • Årskort honnør: kr. 300,-
  • Årskort student: kr. 250,-
  • Årskort barn: kr. 250,-

Merk: Årskort er personlege, og kan kun bli brukt av personane kortet står på. 

Årskort kan kjøpast i butikkane på Vitengarden, Vitenfabrikken eller Garborgsenteret. Dei kan óg bestillast på nettsida vår.

Må eg bestilla billettar på førehand?

Du kan kjøpe inngangsbillett på førehand eller når du kjem til garden.

Korleis kjem eg meg te Vitengarden?

Buss og tog

Frå Nærbø stasjon kan ein gå eller sykla i omtrent 1,5 km til Vitengarden. Planlegg din reise med tog på vy.no eller med buss på kolumbus.no.

Bil

Vitengarden ligg sentralt frå riksvegen på Nærbø, Kviavegen 99 4365 Nærbø. Ved garden er det ein stor parkeringsplass der det er gratis for alle å parkera.

Er det parkering på Vitengarden?

Ja! Ved garden er det ein stor parkeringsplass der det er gratis for alle å parkera.

Kan eg bruka følgjekort?

Ja! Personen med følgjekort går gratis og kortholder betalar inngangsbillett. Velkommen!

Kva kan eg eta på Vitengarden?

Ta ein pust i bakken etter aktivitetane i utstillingane med familien i Vitengarden sin kafé. Her er det både varme og kalde rettar, for både vaksne og ungar. Med Vitengarden si plassering midt i matfatet på Jæren og kaféen sitt fokus på heimelaga mat med lokale råvarer, vil du reisa frå Vitengarden god og mett.

Det er mogleg å nyte mat og drikke ute på benker under tak, rett utanfor kaféen. Her er det òg grillar som gjestene kan disponera. Grillkol kan kjøpast i resepsjonen. Medbrakt mat kan nytast ute.

I skuleferier og på sundagar må du løysa billett til Vitengarden når du er i kaféen.

Godt utval i gluten og laktosefri retter.

Er butikken open?

Butikken på Vitengarden er ope i heile Vitengarden si opningstid. Her kan du mellom anna kjøpa leiker, spel, bøker, honning og kjeramikk.

Er det mogleg å leiga Vitengarden?

Ja, du kan leiga Vitengarden til alt frå bryllaup til møte eller minnestund. Vitengarden ligg midt i matfatet, omgitt av vakker jærnatur og bygningar med særprega arkitektur. Her får du ein inspirerande stad for små og store tilstellingar – frå det store «ja» til møte som gir energi og idéar. Les meir her. Les om barneselskap her.

Kven passar utstillingane på Vitengarden for?

På Vitengarden er det noko for alle, enten om du vil utforske myra, besøka dyra på garden eller byggja. Sjå alle utstillingane våre.

Tilbyr de nokon gruppetilbod?

Ja! I samarbeid med ulike aktørar på Jæren har me satt saman spennande pakker for grupper som er på leit etter unike opplevinger og aktivitetar. Enten de planlegg å samlast for nokre timar til ein heil dag kan me vera behjelpelege med å setja opp programmet for dokker.

Hei Lærar!

Her er ein oversikt over alle undervisningsopplegga me tilbyr!

Finn du ikkje det du leiter etter? Kontakt oss på vitengarden@jaermuseet.no, så finn me ut av det i lag!