Bestillingsskjema for skular og barnehagar

Lærerik, gild og spennande undervisning på vitensenteret, Kvia 4H-gard, Audemotland og Hanabergmarka kulturminne – og friluftsområde. Les om pris og praktisk informasjon nedst på sida.

Fyll inn skjema og send inn.

Vitengarden har eit omfattande pedagogisk tilbud. Her kan elevane få vera med på alt frå praktisk gardsarbeid gjennom året, samt få innføring i lokale mattradisjonar. Utstillingar og gjenstandar blir trekt inn i formidlinga. Naturfagundervisning vektlegg biologisk mangfald. Vårt pedagogiske tilbod er bygd opp under prinsippet «læra ved å gjera», med andre ord er det viktig at ein sjølv deltek i aktivitetane. Tilboda er organisert frå barnehage, 1-4. trinn, 5 – 7. trinn, 8 – 10. trinn, vgs og høgskule/universitet. Alle tilbod er tilpassa læreplanen/rammeplanen for det enkelte trinn.

For grunnskulen er det gratis, i tillegg får elevane fribillett ut året. Barnehagar betalar kr. 750 for inntil 30 personar viss de ynskjer fagleg opplegg under besøket. For SFO kostar det kr 30 pr. pers. og kr 300 for omvising/fagleg opplegg. For VGS-elevar kostar det kr 30 pr. pers. + 300 kr pr. undervisningstime.

Dersom ein kjem med tog er det kort veg gjennom Nærbø sentrum før ein kan gå ein fin sti langs bekken. Avstand frå togstasjonen til Vitengarden er ca. 2 km. Klikk her for kart over gangsti fra togstasjonen på Nærbø, til Vitengarden.