Det blir det første av sitt slag i Norge, men liknande laboratorium finst i både Sverige og Danmark. Laboratoria er ulike, men alle eksperimenterer med korleis landskapet og elementa i det spelar i saman. På Jæren skal me sjå korleis ein forfallen flekk med planteskog kan fornyas, og me skal etablera eit arboret for rogn. Landskapslaboratoriet vil:
- gi eit utandørs klasserom for formidling av natur- og kulturhistorie – og realfag
- gi ein attraktiv plass for rekreasjon
- gjera Hanabergsmarka meir attraktivt, bidra til at barn, unge og eldre kjem ut på tur
- bidra til kunnskap om det jærske kulturlandskapet
- fremja eit rikare biologisk mangfald i eit jordbrukslandskap prega av monokulturar
Arboretet for rogn blir i Bondevennlunden, som ligg like bak Vitengarden. Målet er å samla dei ulike norske artane av rogna, og å formidla kunnskap om det til skuleklassar og allment publikum. Dessutan vil plantane gi live i Bondevennlunden. Nå er trea i dette fine grillområdet i ferd med å detta ned og det blir meir og meir utsett for vind frå nordvest.
Ved sidan av lunden ligg Bondevennskogen. Ein liten skog med sitka-tre og furu, planta på 1950-talet. Slike skogar er det mange av på Jæren, i nokre av dei bles nå trea ned i vinterstormane, andre er så tette at det er knapt mogleg å bevega seg inn i dei. Her skal vi sjå korleis slike skogar kan få eit meir variert biologisk mangfald, gi gode opplevingar for dei som ferdest der og samtidig vera til nytte for grunneigarane.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland, Skogselskapet i Rogaland, Bioforsk Vest, Institutionen fõr Landskapsarkitektur, Plannering og fôrvaltning ved Sveriges Landbruksuniversitet, Alnarp, Hå kommune og Jærmuseet. Sparebankstiftelsen SR-bank har gitt økonomisk støtte til prosjektet.