Museumsgarden

Kvia 4H- og museumsgard ligg rett over vegen for hovudbygningen på Vitengarden. Her kan du oppleva eit gardsmiljø frå 1950-60-åra. På garden kan du bli kjent med dei husdyra som var vanlege på ein jærgard i tidleg etterkrigstid; høner, griser, sauer, kyr og gjess.

Museumsgarden (bnr. 6) blei skilt ut frå nabobruket i 1878. Heimehuset og driftsbygningen er frå dette året; det frittståande fjoset blei bygd i 1887. Tunet blei etablert samtidig med bygginga av jærbanen. Derfor vender stovene mot aust, og ikkje mot vest slik byggetradisjonen vanlegvis var. Folka på garden måtte jo følga med det nye og dampande tekniske vidunderet som pesa seg forbi den austre heimebøen!

Heimehuset er innreia slik det var hos folk flest. Mange vil kjenna igjen møblar frå lokale fabrikkar, pyntegjenstandar, bilde – eller kanskje lukta? Om søndagane og i skulen sin sommarferie vil museusmvertane  fortelja om livet og arbeidet på Jæren i denne tida. Kanskje lurer du på kor badet, toalettet eller garderobeskapet er? Eller kvifor den eine stova er så mykje finare enn den andre?

På garden finn du dei husdyrrasane som var vanlege på Jæren i 1950-60-åra. Store og små kan få nærkontakt med kyr av vestlandsk raukolle, gris, høns og sauer. På sommarstid vil dyra vera på beite rundt husa, om vinteren er dei fleste inne i fjoset. Me har også bier – dei er det ikkje meininga at publikum skal ha nærkontakt med. Men biene kan også observerast inne i utstillinga i museumsbygget.  Jærmuseet er med på det nordiske samarbeidet for å ta vare på gamle husdyrrasar. Me har ei bevaringsbesetning av sør- og vestlandsfe.

På Kvia 4H-gard kan du møe desse dyra:

Vestlandsk raukolle

Dette var den vanlegaste kurasen i Rogaland og på Sørvestlandet fram til NRF-kyrne overtok fjosa i 1960-åra. Det er sett inn særskilde tiltak for å verna både vestlandsk raukolle og fleire andre truga husdyrrasar. Dette arbeidet blir samordna av Genressursutvalet.

raudkolle

Jærhøns

Jærhønsa høyrer òg med til dei gamle norske husdyrrasane, og den einaste fjørferasen som blir rekna som norsk. Vitengarden har jærhøns på museumsgarden. Dessutan rugar me ut kyllingar i «Den elektriske høna» i vitensenteret.

Jærhøna

Landgris
Vitengarden er ein av dei få plassane der du kan sjå den gamle norske landgrisen.

Grisemor

Sau
På museumsgarden kan du òg møta sauer. Om sommaren får du kanskje vera med å gi kopplammet mjølk?

Lammet

Aktivitetar
Det skjer noko på garden – alt etter kva årstid det er. Om sommaren er bondekona på plass og lagar tradisjonsmat på kjøkkenet, eller i kjellaren. På aktivitetsdagane demonstrerer me arbeidsmåtar, reiskapar og maskinar nytta i jordbruket i eldre tid. Dagleg arbeid på garden avhengig av arbeid og årstid.