Jærert

Jaerert_DSC04511rI 2009 og 2010 har Jærmuseet, avd Vitengarden, hatt eit forprosjekt om Jærert i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving, Arkeologisk Museum Stavanger og Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga. Namnet på forprosjektet er «Jærert – ein matspesialitet frå Jæren og Rogaland». Formålet med forprosjektet har vore å få opp ein grunnstamme av Jærert, får erfaring i dyrking, hausting og ikkje minst sjå om det er grunnlag for å starta opp med kommersiell dyrking av Jærert.
Jærert representerer landbruks-, mat- og kulturhistoria, og innhaldet i og eigenskapane til jærerta gjer både menneske og jordsmonn godt – kva meir kan ein be om?

Jærert er ei hageert som vert nytta til mat. Gjennom fleire års dyrking
har ho tilpassa seg jordsmonnet og klimaet på Jæren. Ho har
kvite blomar og er litt mindre, litt søtare og litt glattare enn «vanlege»
erter. Fargen er gulgrøn og grøngul. Storleiken på jærerta og
spelet i fargar syner at det er ein primitiv sort.

Planten kan verta 2-3 meter lang. Stilken er veik, så han treng
noko å klatra på. For å halda seg fast har han slyngtrådar.
Jærert er ein nøysam plante som i likskap med andre
belgvekstar bind nitrogen og syter slik for eigen gjødsel.

Ein analyse utført av Eurofins Norsk Matanalyse i Moss
i desember 2009, synte at jærerta inneheld:

JaerertInnhald

Det ligg ein pose frøerter i det internasjonale frøhvelvet på Svalbard.

Innhaldet og utsjånaden til Jærert syner at ho har ei anna genetisk samansetting enn «vanlege» erter. Både internasjonalt og nasjonalt er det fokus på å ta vare på eit breiast mogleg genetisk mangfald for å vera rusta til å brødfø ei varmare verd.
{rdxsg folder=»images/stories/vitengarden/artikkelbilder/Prosjekt/» thumbs_position=»bottom» midsize_width=»640″ midsize_height=»270″ thumbs_width=»640px» class=»time-w»}
Historia til erta
Historia til erta er mest like lang og spennande som den til kornet, men er langt frå like godt dokumentert.
Dei eldste funna av erter i arkeologiske undersøkingar går attende til om lag 8000 f.Kr. og kjem frå Midt –Austen, mellom anna i Jeriko og Syria.
I samlingane til Arkeologisk Museum er det spor av ert i eit leirkarskår frå jernalderen. I Stavanger er det gjort rike funn av korn og erter i kulturlag frå mellomalderen, med det er ikkje gjort noko nærare undersøking med omsyn til sort.
I samtale med folk som opplevde krigen, er det fleire som hugsar jærerta. Om dei ikkje dyrka ho sjølv, så hugsar dei ein nabo eller kjenning som hadde jærerter. Dessverre er det lite å finna når det gjeld skriftlige kjelder.

Meir om historia til erter og jærerta finn du i artikkelen «Jærert – ein gløymd nyttevekst som bør fram i lyset» av Einar K. Time og Sverre Bakkevig. Denne artikkelen stod i Sjå Jæren årbok for Jærmuseet 2007.

Forprosjekt frå 2009
{rdxsg folder=»images/stories/vitengarden/artikkelbilder/Prosjekt/Jaerert/» thumbs_position=»bottom» midsize_width=»640″ midsize_height=»270″ thumbs_width=»640px» class=»time-w»}
Næringsinnhaldet i Jærerta og hennar rolle som jordforbetringsmiddel tilseier at me må dyrka og eta meir Jærert. I desember 2008 løyva Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga, BU-midlar til forprosjektet «Jærert – ein matspesialitet frå Jæren og Rogaland.» I januar 2009 starta ei arbeidsgruppe med representantar frå Norsk Landbruksrådgiving, Arkeologisk Museum, Fylkesmannen i Rogaland landbruksavdelinga og Jærmuseet avd. Vitengarden opp dette forprosjektet. Målet med forprosjektet var å få opp ein grunnstamme av Jærert, få erfaring i dyrking og hausting, sjå på ulike måtar å nytta Jærert på, samt å registrera Jærert på den offisielle sortslista. Basert på erfaringane skal ein vurdera om det er grunnlag for å starta opp kommersiell dyrking av Jærert med det formål å få «Spesialitet»-merket til KSL matmerk.

30. januar 2009 fekk arbeidsgruppa overlevert om lag 1,6 kg jærertfrø frå Einar K. Time og Sverre Bakkevig og me gjekk i gang. Meir om erfaringane frå forprosjektet i 2009 finn du i rapporten.

Forprosjekt 2010
{rdxsg folder=»images/stories/vitengarden/bildegalleri/Jrerta_forpros2010/» thumbs_position=»bottom» midsize_width=»640″ midsize_height=»270″ thumbs_width=»640px» class=»time-w»}
Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga, tildelte ytterligare midlar til forprosjektet «Jærert – ein matspesialitet frå Jæren og Rogaland» for å ytterlegare oppformera jærerta og få ho inn på den offisielle sortslista.
I mai 2010 vart det sådd om lag 35 kg jærertfrø på Særheim. Denne vart hausta 28. september og vart skild med triøren i november og ved oppveging stoppa vekta på om lag 315 kg Jærert.

30. april vart forskrift for godkjenning av sortslista endra for m.a. å opna for å få «bevaringsverdige sorter» inn på den offisielle sortslista.
I august deltok 8 bønder på synfaring i Jærert-åkeren og deltok deretter på synfaring og foredrag på Måltidets hus.
24. oktober arrangerte Jærmuseet avd. Vitengarden og FN-sambandet aktivitetsdag med fokus på biologisk mangfald, og Jærert vart i denne samanheng trekt fram som ein representant for dette.
Me hadde tenkt å arrangera eit møte for potensielle produsentar og potensielle forhandlarar i 2010, men dette er utsett til januar 2011.