Informasjon til årskorthaldarar

Alle Jærmuseet sine museum vart 13. mars stengt, etter oppfordring og retningslinjer frå Folkehelseinstituttet. Nå er det planlagt ei gradvis opning av musea, frå 24. mai til 21. juni.

Museet har mange som allereie har kjøpt årskort. Eit årskort varer frå dagen du kjøper det, og eit år fram i tid. Grunna korona-situasjonen, vil me utvida alle årskorta med fire ekstra månadar.

Om du har eit gåvekort som skal løysast inn i årskort, vil du uansett kunna bruka kortet i eit år frå første gong du løyser det inn.

 

Flyhistorisk Museum, Torpedoverkstedet og Tungenes fyr opnar 24. mai.

Limagarden, Grødaland, Knudaheio og Garborgheimen opnar 7. juni.

Vitenfabrikken opnar 20. juni

Vitengarden opnar 21. juni

 

Velkommen til oss!

 

Her kan du lesa meir om dei ulike årskorta i Jærmuseet.