Besteforeldreårskort og familie mini!

Jærmuseet sitt årskort er eit populært tilbod som stadig fleire nyttar seg av.

Eit årskort løner seg fort! Opplev, delta og utforsk Jærmuseet sine 12 museumsanlegg. Eit årskort kan nyttast i eit heilt år frå den dagen det vert kjøpt. Det kan nyttast i Jærmuseet si opningstid og på meir enn 60 ulike aktivitetsdagar gjennom året. Etter tre besøk har du spart inn summen!

 

Nye årskorttypar

Frå 2020, innfører Jærmuseet nye årskorttypar etter ynskjer frå gjestene. Nå er det eige besteforeldrekort, og det er óg eigne kort for familiar med berre ein vaksen. Dei ulike årskorttypane me har er:

  • Familieårskort kr. 1050,- (gjeld for to vaksne og fire barn)
  • Familie mini kr. 750,- (gjeld for ein vaksen og tre barn)
  • Besteforeldrekort kr. 1000,- (gjeld for to vaksne og fire barn)
  • Besteforeldre mini kr. 700,- (gjeld for ein vaksen og tre barn)
  • Vaksne kr. 450,-
  • Barn/student kr. 250,-
  • Honnør kr. 300,-

 

Rabatt i kafé og butikk

Nytt i 2020, er óg at alle våre årskorthaldarar får rabatt ved kjøp i butikkane på Garborgsenteret, Vitenfabrikken og Vitengarden, samt i kaféane til Vitenfabrikken og Vitengarden (gjeld dei fleste varer med enkelte unntak). Vis årskortet, og få 10% rabatt!

På dei fleste varer  eller med enkelte unntak.

 

Vis legitimasjon!

Alle årskort er personlege, og kan kun nyttast av eigar/eigarane av kortet samt barn/barnebarn. Me ber difor alle med årskort om å visa legitimasjon uoppfordra ved ankomst i resepsjonen.

 

Bestilling av kort

Kortet kan kjøpast på Vitenfabrikken, Vitengarden eller Garborgsenteret. Det kan óg bestillast på nettsida.

 

Årskortet gjer det lett å planlegga utfluktene i helger og skuleferiar – med gilde aktivitetar for heile familien.

Velkommen til oss!