Hus i praksis på Vitengarden

Lærarkurs-Teknologi i praksis

Onsdag 6 mars var det kurs i Teknologi i praksis på Vitengarden Jærmuseet. 30 lærarar frå Flekkefjord i sør til Vindafjord i nord fekk kursing i korleis laga eit minitayrhus i målestokk 1:10.

tekvit

Under kyndig rettleiing av Runar Baune frå Naturfagsenteret fekk lærarane prøvt seg på alle trinna i ein byggeprosess. Planleggjing, prosjektering, teikning, bygging, isolering…. og mykje meir. Lærarane får og med seg ein materiallpakke til bruk på eigen skule.

Målet med dette kurset er å gje lærarne i regionen auka kompetanse innan fagområdet teknologi, og dermed håpar ein at fleire skular vil tilby valfaget «Teknologi i praksis» til hausten.

kurstek

Dette teknologikurset er det andre Jærmuseet arrangerer i år, og fleire kurs vil koma til hausten. Den 11 september blir det kurs i hydraulikk/mekanikk på Vitenfabrikken. Jærmuseet ser det som si oppgåve som regionalt vitensenter å auka lærarane sin teknologikompetanse og få fleire skular til å satsa på Teknologi som fag i ungdomsskulen.