Gravinga er i gang!
Nye, spanande og interaktive stasjonar opnar på Vitengarden rett etter sommaren, og nå har gravinga starta. Det overordna tema for stasjonane er «Energi og miljø» og dei vert for både kropp og hjerne. Temaet tek utgangspunkt i energifylket Rogaland og slår fast at me vil ha bruk for stadig meir energi i framtida. Kor skal me henta den? Og, korleis kan me samtidig minska utsleppa av CO2?
Utgravinga er i gang. Utstillinga skal vera utandørs, i området bak hovudbyggingen.
Dei interaktive stasjonane er tilpassa læreplanen i naturfag for ungdomsskulen og vidaregåande skule. Men, folk i alle aldrar vil lika å leika med vatn og utforska vasskraft, prøva å stå i storm, løfta seg fleire meter i ein omvendt jojo, bli kjent med kor mykje energi det er i olje, naturgass, ved eller torv, eller korleis me kan fanga og lagra CO2.
Utstillinga skal stå utandørs og opnar rett etter sommarferien. Den er gjort muleg med økonomiske midler frå Statoil.