Ferietilbodet på Vitengarden

Vitengarden vil i sommar ha to ulike ferietilbod - eit for 3. - 6. trinn og eit for 5. - 7. trinn.

Vitengardsferie

Har du lyst å gjera noko kjekt i sommar? På Vitengardsferie gjennomfører me mange kjekke aktivitetar både ute og inne på Vitengarden. Me blir blant anna kjent med husdyra, eksperimenterer og utforskar dei ulike utstillingane på Vitengarden. Frokost, lunsj og frukt er inkludert i løpet av dagen.

Kven kan delta: 3. – 6. trinn (det trinne elevane går i nå)

Tidspunkt: måndag 27. juni – fredag 1. juli, kl. 08.00 – 15.00

Pris: kr. 1500,-

Påmelding: vitengarden@jaermuseet.no

Føresette melder på namn, adresse, telefon og fødselsdato. Barn med spesielle behov, og til dømes treng eigen assistent, må de sjølv ordna dette på førehand og me må få melding).

Påmeldingsfrist: 1. mai 2016. Begrensa med plass – første mann til mølla

 

4H-matskule

IMG_6092

Glad i mat? Kanskje du liker å lage mat, eller har lyst å lære meir om matlaging. 4H-matskule er eit samarbeid med Rogaland 4H. Gjennom veka lagar me mat kvar dag, eksperimenterer med mat og andre ting, besøker ei matbedrift og ein bonde. Mat gjennom dagen er sjølvsagt inkludert på ein matskule.

Kven kan delta: 5. – 7. trinn (også for dei som skal opp i 5. trinn til hausten)

Tidspunkt: Måndag 8. august – fredag 12. august, kl. 08.00 – 15.00

Pris: Kr. 1500,-

Påmelding: vitengarden@jaermuseet.no

Føresette melder på namn, adresse, telefon og fødselsdato. Barn med spesielle behov, og til dømes treng eigen assistent, må de sjølv ordna dette på førehand og me må få melding).

Påmeldingsfrist: 1. mai 2016. Begrensa med plass – første mann til mølla

 

Jærmuseet sitt museum Grødaland har òg ferietilbod for barn som bur i Hå kommune. Les meir om det her.