Eksperimentdagar for 5 og 6 åringar, 28, 29 og 30 april på Vitengarden.

Velkommen til ein gild eksperimentdag på Vitengarden

Eksperimentdagen er eit tilbod til dei eldste ungane i barnehagane. Det er ein dag me arrangerer årleg med eksperiment og aktivitetar inne og ute på Vitengarden. Me delar opp i 6 grupper, 3 grupper inne og 3 grupper ute og deltek på stasjonar rundt på anlegget. Kvar stasjon har ein aktivitet som varar 20 minutt og ein har 10 minutt til å flytta seg til neste, så kvar halvtime startar ein på ny stasjon. Etter lunsj kjem dei 3 gruppene som har vore ute, inn og dei 3 gruppene som har vore inne kler seg og går ut, så alle får delta på alle 6 eksperimenta og aktivitetane.

Programmet startar kl 09.30, det er lunsj mellom kl 11.00- 12.00 og programmet er slutt 13.30
Ta med mat sjølv.
Pris: 750,- (Hå kommune har eigen avtale)
Grunna stor pågang i fjor har me i år utvida til 3 dagar og de kan sjølve velja kva dag de vil melda dykk på. De kan velja mellom tysdag 28. april, onsdag 29. april eller torsdag 30. april Det vert same opplegg alle 3 dagar. Me har sett eit tak på kor mange me kan ha kvar dag, så skulle ein av dagane verta full, må de velja ein annan.

Det er veldig viktig å hugse å melda seg på! For at dagane skal bli best mogleg, er me nøye med organiseringa, då det nyttar ikkje å møta opp utan å vera påmelde. Det er første mann til mølla som gjeld. Påmeldingsfrist: 1. april

Påmelding her.