Utedag i skogen

Utedag i skogen. Ver med og bygg ein gapahuk og lag bål for å halda varmen. Nyt varm, god saft i sjølvlaga ly.

Ta med eigen turmat.

Kort om opplegget: 

  • ”Det heiter ikkje dårleg ver, men dårlege klede.”
  • Saga og hogga ved
  • Byggja levegg for bålplass(”gapahuk”)
  • Byggja eldstad med stein
  • Læra å gjera opp bål
  • Varma opp saft
  • Fokus på tryggleik kring bål og knivar.
  • Korleis bør folk ferdast i skog og mark?

Frå fagfornyinga

Kroppsøving: Elevane får bruke nærområde og utforske naturen gjennom varierte uteaktivitetar under vekslande årstider. Uteaktivitet og naturferdsel gir grunnlag for naturglede, respekt for naturen og miljømedvit

Kroppsøving, etter 2. trinn:

  • leike og vere med saman med andre i aktivitet i varierte bevegelsesmiljø
  • utforske naturen i nærmiljøet med varierte aktivitetar til ulike årstider
  • forstå og praktisere turreglar…

Kroppsøving, etter 4. trinn:

  • utforske uteaktivitetar og samarbeidemed andre under vekslande årstider i nærmiljøet
  • øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen

Varigheit: 

2 timer

Kan bestillast: 

Veke 4 – 48

Praktisk informasjon: 

NB! Ta med godt med klede og sitteunderlag

Pris:

Gratis

Send førespurnad