Ungane på 60-talet

Foto: Ingeborg Skrudland

Korleis var det å vera barn på 60-talet? Kva leiker hadde dei og kva gjorde dei etter skulen? Med utgangspunkt i garden får ungane eit inntrykk av korleis kvardagen var for ungane før.

 

Kort om opplegget:

  • Kva er likt og ulikt med å vera barn før og no
  • Leika leiker frå 60-talet
  • Hoppa i høyet

Frå fagfornyinga:

Samfunnsfag, 2.trinn:

  • utforske og presentere hvordan mennesker levde for én til to menneskealdre siden

Kroppsøving, 2. trinn:

  • utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre

Kroppsøving, 4. trinn:

  • utforske og gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar

 

Varigheit:

1,5 time, maks 20 elevar.

Kan bestillast:

Heile året

Pris:

Gratis

Send førespurnad