Snurrebassverkstad

Me byggjer og designar kvar vår snurrebass.

Kort om opplegget: 

Me undrar oss over kvifor snurrebassen, eller sulletoppen, held balansen når han spinn, men dett når han stoppar. Kva er gyro- effekt og korleis er det mogleg å sykla på tohjulssykkel?

Kva kan me læra: 

  • Vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar
  • Bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede
  • Bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk
  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
  • Lagar konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på

 

Barnehagar. 3- 6 år

Tidsrom: Heile året

Varigheit: 1 time

 

Send førespurnad