Elevane får bli med i ei rekonstruert gamal smie og læra meir om kva dei laga der. Elevane får og tilarbeida eit metallstykke, her må ein varma stål i essa og bruka hammar og ambolt. Verneutstyr og sikkerheit står sjølvsagt og på planen!
Kort om opplegget:
- Kva laga dei i smiiene før?
- Smi din eigen krok
Kun for 7. trinn
Frå fagfornyinga:
Kunst og handverk:
Handverksferdigheter innebærer at elevene skal utvikle håndlag, praktiske ferdigheter og utholdenhet ved å bruke ulike redskaper og materialer. I smia får elevane arbeida med forståinga av metallets eigenskapar, funksjonalitet og uttrykk.
Kompetansemål etter 7. trinn
- bruka ulike handverktøy og elektriske verktøy for å tilarbeida harde materialar på ein trygg måte
Varigheit:
2,5 time for 30 elevar
Kan bestillast:
Veke 10-46
Pris:
Gratis