Slikkepinneverkstad

Korleis laga ein slikkepinne, kva kjemisk reaksjon finn stad når ein blandar vatn, sukker og druesukker i ei gryte og kokar opp? Vel mellom ulike smakar og fargar, og vel di eiga form. Kva med ein trekanta, gul slikkepinne som smakar jordbær?

Kort om opplegget:

  • Opplev spanande fenomen i kjemiens verd. Me nyttar ingrediensar ein kan finna på eit kvart kjøken og som er heilt ufarlege.
  • Delta på spanande eksperiment som skapar begeistring og undring. Me kler oss opp i labfrakkar og vert forskarar for ein dag.
  • Utforsk utstillingane på Vitengarden og besøk dyra på garden.

Kva kan me læra:

  • Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
  • Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
  • Undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar
  • Leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på

Varigheit: 

1 time

Kan bestillast: 

Heile året

 

Send førespurnad