Kva skjer i livet til sauen gjennom året? Er han på beite i heia, skal søya lemma, eller er det tid for klypping?
I dette opplegget blir barna betre kjende med sauen, livet på garden og korleis menneske har hatt nytte av sauen før og no. Me utforskar kvifor bonden held sauer, kva sauen gir oss, og kvifor han har vore eit viktig husdyr gjennom lange tider.
Barna får òg prøva seg som dyrlegar på småfeklinikken, der dei undersøker kva som kan vera gale med sjuke sauer og lam. Me kardar ull, spinn tråd og helsar på sauene i fjoset eller ute på marka.
Kort om opplegget
- Besøka utstillinga Sauen
- Prøva seg som dyrlege på småfeklinikken
- Karda ull og spinna tråd
- Helsa på sauene i fjoset eller på marka
Dette får barna utforska
- sauen sitt liv gjennom året
- kor maten og ulla kjem frå
- dyrehald og livet på garden
- dyr, dyreliv og naturen sitt mangfald
- lokalhistorie, tradisjonar og levemåtar
- korleis me kan ta vare på dyr og natur
Varigheit: 1 time
Kan bestillast: Heile året