Elevane får sjølv måla opp og smelta såpemassen, velja farge og lukt. Undervegs tar me opp korleis såpa har blitt laga gjennom tidene og korleis hu fungerer.
Kort om opplegget:
- Korleis får såpa deg rein?
- Laga såpe
- Prøva å bera vatn med vassele (slik dei gjorde før i tida)
Kompetansemål:
Måling (matematikk)
- gjera overslag over og måla lengd, areal, volum, masse, temperatur, tid og vinklar, samtala om resultata og vurdera om dei er rimelege
Fenomener og stoffer (naturfag)
- gjennomføra forsøk som viser at stoff og stoffblandingar kan endra karakter når dei blir utsette for ulike påverkingar
Historie (samfunnsfag)
- finna informasjon om og presentera eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan og fortelja om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg
Varigheit:
1 time pr. 10 elevar
Kan bestillast:
Veke 4 – 48
Pris:
15 kr per elev