Med reagensrøyr, pipette, konditorfarge og sukker får me væskene til å leggja seg lagvis som ein regnboge. Er det ulik tettleik i for eksempel mjølk, juice og saft?
Kort om opplegget:
- Opplev spanande fenomen i kjemiens verd. Me nyttar ingrediensar ein kan finna på eit kvart kjøken og som er heilt ufarlege.
- Delta på spanande eksperiment som skapar begeistring og undring. Me kler oss opp i labfrakkar og vert forskarar for ein dag.
- Utforsk utstillingane på Vitengarden og besøk dyra på garden.
Kva kan me læra:
- Vidareutviklar omgrepsforståinga og bruker eit variert ordforråd
- Vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar
- Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
- Leiker og eksperimenterer med tal, mengd og teljing og får erfaring med ulike måtar å uttrykkje dette på
- Gjere barna meir nysgjerrige og styrkje matematikkgleda og interessa for matematiske samanhengar med utgangspunkt i uttrykksformene til barna
Barnehagar 3- 6 år
Tidsrom: Heile året
Varigheit: 1 time