Me lagar små rakettar av sugerøyr og nyttar andedråtten vår til å skyta dei langt av stad, og me byggjer store rakettar av papir som me skyt av garde med trykkluft frå ein kompressor.
Kort om opplegget:
- Me undrar oss og utforskar rakettdesign, går raketten best om han er lang eller kort?
- Er det best med mange eller få styrevengjer og kvar skal vengjene plasserast?
Kva kan me læra?
- Vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar
- Bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede
- Bruker ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkje seg estetisk
- Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
- Lagar konstruksjonar av ulikt materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på
Barnehagar. 3- 6 år
Tidsrom: Heile året
Varigheit: 1 time