Naturen har eit artsmangfald som ingen har oversikt over. Men med meir artskunnskap kan ein sjå samspelet og kompleksiteten artane seg i mellom på ein ny måte. Kva er t.d. raudlisteartar og
svartlisteartar
Kort om opplegget:
- Planter
- Tre/buskar
- Insekt
- Småkryp
- Suksesjonar
- Gjennomføring: Førelesing, feltarbeid og øvingar.
Frå fagfornyinga:
Naturfag skal bidra til at elevane får naturopplevingar og eit fagleg grunnlag for å verne om naturressursar, bevare biologisk mangfald og bidra til ei berekraftig utvikling. Med naturfagleg språk og metodar, praksis og tenkjemåte, vil elevane få grunnlag for å forstå korleis ein nyttar og utviklar naturfagleg kunnskap.
Naturfag skal bidra til undring, nysgjerrigheit, skaparglede, engasjement og nytenking hos elevane ved at dei får arbeide praktisk og utforskande med faget. Elevane skal få innsikt i korleis menneske sitt levesett og handlingar påverkar livet på jorda. Naturen har ein eigenverdi som uavhenig av menneske si bruk og påvirkning, og naturfagleg kunnskap kan bidra til at naturen forvaltes på ein forsvarleg måte.
Studiespesialisering vg1:
- gjere greie for korleis klimaendringar påvirkar evolusjon, utbreiing av artar og biologisk mangfald
Varigheit:
2 timar
Kan bestillast:
Veke 17 – 38
Pris:
30 kr pr elev og 300 kr pr time formidling.