LydLab

Har du nokon gong blitt fascinert eller gira av musikken når du ser film? Nå kan du skapa din eigen magi mellom lyd og bilete ved å programmera musikk til filmklypp!

 

Kort om opplegget

Ved bruk av musikkverktøyet Soundtrap vil elevane laga komposisjonar for å lydsetta eit filmklypp. Med nærmast frie tøylar til verktøya vil elevane få arbeida kreativt, samarbeida, programmera og presentera for kverandre.

 

Varigheit

90 minutt, maks 30 elever.

 

Kan bestillast:

7. -10. trinn, heile året

Kan bestillast her! 

Frå fagfornyinga

Musikk,

etter 7.trinn:

  • lytte, eksperimentere og skape nye uttrykk med instrument, kropp, stemme eller lyd frå andre kjelder, og presentere resultatet
  • bruke teknologi og digitale verktøy til å skape, øve inn og arbeide vidare med musikk

etter 10.trinn:

  • Skapa og programmera musikalske forløp ved å eksperimentera med lyd frå ulike kjelder
  • Utforska og formidla musikalske opplevingar og erfaringar, og reflektera over bruk av musikalske verkemiddel
  • Lytta og prøve ut ulike uttrykk og begrunne valg i skapande prosessar frå idé til ferdig resultat

Naturfag,

etter 7.trinn:

  • utforske, lage og programmere teknologiske system som består av delar som verkar saman

Kunst og håndverk, etter 10.trinn:  

  • Utforska koss digitale verktøy og ny teknologi kan gje moglegheiter for kommunikasjonsformer og opplevingar i skapande prosessar og produkt.

Anna informasjon:

LydLab er sponsa av Equinor og Morgendagens helter, og er utvikla av VilVite, vitensenteret i Bergen.

Opplegget er gratis.

 

 

 

Send førespurnad