Myr, vatn og kystlynghei – biologisk mangfald

Kystlyngheia som landskapstype byggjer på ein lang natur- og kulturhistorie. Den breiar seg frå kysten av Portugal i sør og nordover langs kysten til Lofoten. Landskapet er oftast ein mosaikk av lynghei, myr, våtmark, gras, fjell i dagen, stein og blokkar.

Kort om opplegget:

  • Myr
  • Vatn
  • Kystlynghei
  • Kva pregar desse økosystema?
  • Næringskjeder
  • Kva artar dominerar?
  • Korleis har det intensive jærske jordbruket påverka det biologiske mangfaldet lokalt og regionalt?

Gjennomføring: Førelesing og markvandring

 

Frå fagfornyinga:

Naturfag skal bidra til at elevane får naturopplevingar og eit fagleg grunnlag for å verne om naturressursar, bevare biologisk mangfald og bidra til ei berekraftig utvikling. Med naturfagleg språk og metodar, praksis og tenkjemåte, vil elevane få grunnlag for å forstå korleis ein nyttar og utviklar naturfagleg kunnskap.

Naturfag skal bidra til undring, nysgjerrigheit, skaparglede, engasjement og nytenking hos elevane ved at dei får arbeide praktisk og utforskande med faget. Elevane skal få innsikt i korleis menneske sitt levesett og handlingar påverkar livet på jorda. Naturen har ein eigenverdi som uavhenig av menneske si bruk og påvirkning, og naturfagleg kunnskap kan bidra til at naturen forvaltes på ein forsvarleg måte.

Studiespesialisering vg1:

  • gjere greie for korleis klimaendringar påvirkar evolusjon, utbreiing av artar og biologisk mangfald

 

Varigheit: 

2 – 3 timar

Kan bestillast: 

Veke 19 – 38

Pris:

30 kr pr elev og 300 kr pr time formidling

Send førespurnad