Me ser på lamma

Sauen lemmar og me ser lamma ta sine første steg, ta til seg føde og utforska sitt nye tilvære.
” Min fysste kamerat det va et lide låm eg huska eg sto der å såg på då det kom… Ud… ud, ud….”

(Tønes, Bonde)

Kort om opplegget:

  • Helsa på dei nyfødde lamma og søya
  • Kva er eit kopplam?
  • Kvifor held bonden sauer på garden?

Kompetansemål:

  • Får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
  • Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
  • Får kunnskap om dyr og dyreliv
  • Vert kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar
  • Vert kjende med ulike tradisjonar, levemåtar og familieformer

Varigheit: 

1 time

Kan bestillast: 

Veke 14 – 18

Send førespurnad