Me ser på maling av korn i gammal tid og maling av korn i dag. Me reinsar mjølet og kokar graut på det, og til slutt smakar me på grauten og undrar oss over mattradisjonar og levesett før og nå.
Kort om opplegget:
- Maling av korn i gamal tid.
- Maling av korn i dag
- Rensing av mjølet
- Koke graut av mjølet som er malt og servering.
Kompetansemål:
- Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
- Får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
- Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
- Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
- Undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar
Varigheit:
1 time
Kan bestillast:
Veke 45 og 46