Kulturlandskapet er ei historiebok, kanskje ein litt dryg påstand, men det gjeld å utforska kulturlandskapet med det rette blikket. Prøv å sjå samspelet natur- og kulturhistoria. Kva krefter og strøymingar er det som til kvar tid set sine merker i landskapet?
Kort om opplegget:
- Kvifor er kulturlandskapa så ulike?
- Lokale endringar i kulturlandskapet.
- Geologi, jordart og jordsmonn.
- Kystlynghei
- Har kulturlandskapet noko verdi?
- Kva er verneverdig kulturlandskap?
- Jordskiftet sin innverknad på kulturlandskapet.
- Kva pregar arealbruket i Noreg i dag?
- Arkitektur
Gjennomføring: Førelesing, vitensentereksperimenta, markvandring og øvingar
Varigheit:
2 – 3 timar
Kan bestillast:
Veke 16 – 44
Pris:
30 kr pr elev og 300 kr pr time formidling