Kva gjer ein med kornet når det kjem i hus? Kva må skje med kornet for at det skal bli mjøl? Elevane får vera med på å treska, drøfta og mala kornet på ulike måter. Etterpå får dei smaka på vassgraut laga av mjølet.
Kort om opplegget:
- Treska korn med ulike reiskap
- Utviklinga av treskemåtar/utstyr
- Kva blir kornet brukt til?
- Maling av korn i gamal tid.
- Maling av korn i dag.
- Mala korn med ulike kverner.
- Rensing av mjølet
- Smaka vassgraut av mjølet som er malt
Frå fagfornyinga:
Mat og helse, etter 4. trinn:
- utnytte lokale matvarer i matlaging og presentera ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid
Samfunnsfag, etter 2. trinn:
- utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan
Varigheit:
2 timar pr 20 elevar
Kan bestillast:
Veke 42 – 46
Pris:
Gratis