Kan mat smaka betre enn når ein er ute og har laga maten sjøl? Elevane får laga god og sunn mat på bål, og dei blir kjent med ulike måtar å laga mat ute.
Kort om opplegget:
- Laga mat på bål
- Steika på helle, i glør eller gryte
- Tarzanløype
Frå fagfornyinga:
Kroppsøving: Elevane får bruke nærområdet og utforske naturen gjennom varierte uteaktivitetar under vekslande årstider. Uteaktivitet og naturferdsel gir grunnlag for naturglede, respekt for naturen og miljømedvit.
Kroppsøving etter 10. trinn:
- Utforske eigne moglegheiter til trening, helse og velvære gjennom leik, dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
- gjennomføre friluftsliv til ulike årstider
- vurdere risiko og tryggleik ved ulike uteaktivitetar, forstå og gjennomføre sporlaus og trygg ferdsel
Varigheit:
2 timar
Pris:
50 kr pr elev
Kan bestillast:
Veke 3 – 50