Korleis lagar ein smør frå botn av? Kva ingrediensar og reiskap må til, og kva kjemisk reaksjon finn stad i kinna? Me kinnar smør i frå fløyte og smakar til med salt og krydder.
Kort om opplegget:
- Opplev spanande fenomen i kjemiens verd. Me nyttar ingrediensar ein kan finna på eit kvart kjøken og som er heilt ufarlege.
- Delta på spanande eksperiment som skapar begeistring og undring. Me kler oss opp i labfrakkar og vert forskarar for ein dag.
- Utforsk utstillingane på Vitengarden og besøk dyra på garden.
Kva kan me læra:
- Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
- Får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
- Får oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover
- Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
Varigheit:
1 time
Kan bestillast:
Heile året