Veke 47- 51
Kort om opplegget:
Dette tilbodet har fleire aktivitetar å velja mellom. Barnehagen må sjølv setja saman aktivitetar som passar for dei. Dersom ein ynskjer graut kostar det kr. 57,- for ungar og kr. 92,- for vaksne. Det inkluderar saft til ungane og kaffi til dei vaksne.
Aktivitetar å velja mellom:
- Kinna smør
- Servering av risengrynsgraut på løa.
- Besøk av fjosnissen med klementinar.
- Bli kjent med husdyra på garden.
- Rulla honningljos (30 kr,- per pers)
- Laga gamaldags julepynt.
Kva kan me læra:
- Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
- Bruker fantasi, kreativ tenking og skaparglede
- Kjenner seg glade og stolte over si eiga kulturelle tilhøyrsle
- Får kunnskap om dyr og dyreliv
- Vert kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar
- Vert kjende med ulike tradisjonar, levemåtar og familieformer