Jul i gamle dagar

Dette tilbodet har fleire aktivitetar å velja mellom. Skulen kan sjølv setja saman aktivitetar som passar for dei. Me lagar flott julepynt av enkle material og me lagar nydeleg tradisjonsjulebakst! For dei som ønskjer kan me og ha graut på låven med nissebesøk, dette kostar 45 kr pr elev.

Kort om opplegget:

Saman med dykk sett me opp opplegg. De kan velga blant aktivitetane under:

  • Baking: – Krumkaker – Jødekaker
  • Laga tradisjonell julepynt
  • Toving
  • Lage lys
  • Kinna smør
  • Juleforteljingar i gamlahuset
  • Graut på løa

Frå fagfornyinga:

Samfunnsfag, etter 2. trinn:

  • utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan

Mat og helse, etter 4. trinn:

  • følgje prinsipp for god hygiene i samband med matlaging
  • bruke reiskap, rom- og vektmål og enkle teknikkar i samband med matlaging

Varigheit: 

Varierar med gruppestorleik.

Kan bestillast: 

Veke 47 – 51

Pris: 

20 kr per elev

(+ 45 kr dersom ein ønskjer graut og nisse, 60 kr for vaksne)

Send førespurnad