Inni er me like

Alle er forskjellige, men inni er me like. Faktisk ganske like ein gris.

 

Dette liknar ikkje grisen! Men det gjer du, inni.

Kort om opplegget:

Ver me å sjå på hjarte, lunger, lever, eterøyr, luftrøyr, tunge og svelg frå ein gris. Dette får me ferskt frå slakthuset og me kan opna og sjå på korleis alt ser ut både inni og utpå. Klarar me få grisen til å grynta? Klarar me blesa opp lungene? Korleis ser hjarta ut inni? Dette og mykje meir finn me ut i hop i dette opplegget.

Kva kan me læra:

  • blir kjende med eigne behov, får kjennskap til menneskekroppen og utviklar gode vanar for hygiene og eit variert kosthald
  • får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
  • får kunnskap om dyr og dyreliv
  • får kjennskap til livssyklusen til mennesket
  • utforskar og undrar seg over eksistensielle, etiske og filosofiske spørsmål

Viktig informasjon:

Det er naudsynt at ungane sine foreldre vert gjort merksame på kva ungane deira skal vera med på, slik at dei er førebudde på ungane sine spørsmål  i etterkant. Erfaringsmessig vil me opplysa om at ikkje alle ungane tykjer dette er spanande over tid, mens andre ungar vil halda på lenge. Me legg opp til at dei som vil gå ut av rommet, kan gjera det med når dei sjølv ynskjer, så fint om det er med ein ekstra vaksen eller to.

Send førespurnad