Hanabergsmarka og bunkersane

Ein tur ut i marka der me ser etter spor av korleis dei levde i bronsealder, jernalder og mellomalder. I tillegg ser me nyare, spennande spor etter menneske og spesielt dei store krigsinstallasjonane etter tyskarane på toppen av Hanaberget.

Kort om opplegget:

  • Tur i Hanabergmarka kulturminne- og friluftsområde.
  • Kva fortel ”alle steinane”oss om korleis folk har bruka marka tidlegare?
  • Kvifor brukte tyskarane Hanabergmarka under siste verdskrigen?
  • Omvisning i kommandobunkers og kanonstillingar.

Frå fagfornyinga:

Samfunnsfag: Elevane skal bli bevisste på korleis me er historieskapte, men og historieskapande.

Samfunnsfag, etter 7. trinn:

  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster

Varigheit: 

1,5 time

Kan bestillast: 

Veke 4 – 50

Praktisk informasjon: 

NB: Ta med godt fottøy

Send førespurnad