Ein tur ut i marka der me ser etter spor av korleis dei levde i bronsealder, jernalder og mellomalder. I tillegg ser me nyare, spennande spor etter menneske og spesielt dei store krigsinstallasjonane etter tyskarane på toppen av Hanaberget.
Kort om opplegget:
- Tur i Hanabergmarka kulturminne- og friluftsområde.
- Kva fortel ”alle steinane”oss om korleis folk har bruka marka tidlegare?
- Kvifor brukte tyskarane Hanabergmarka under siste verdskrigen?
- Omvisning i kommandobunkers og kanonstillingar.
Frå fagfornyinga:
Samfunnsfag etter 2. trinn:
- utforske og beskrive kulturminne og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet
Samfunnsfag etter 4. trinn:
- utforskekulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå…
Varigheit:
1,5 time
Kan bestillast:
Veke 4 – 50
Praktisk informasjon:
NB: Ta med godt fottøy