Grønsaker er tema på Vitengarden i haustferien. Her kan du læra om kva ein grønsak er, ta ulike smakstestar og mykje anna. Utstillingane ellers er åpne som vanleg.
I tillegg kan SFO melda seg på grønsaksjuiceverkstad, her prøver me ut ulike smakar og lagar vår heilt eigen juice! Verkstad til SFO tilbyr me kl 0930 og 1030.
Tidsbruk: 45 min pr 30 elevar.
Pris: 50 kr pr elev + 300 pr time formidling