Grisen, høna og fjøset

Kven er sugga? Kor lenge ligg ein kylling inne i egget? Dette og mykje anna finn me ut av. Det hører også med ein tur ut for å helsa på grisen og fjørkreet. For dei som ønskjer det, kan me slakta ein kylling, og sjå korleis denne ser ut utan klede!

Kort om opplegget:

  • Bli betre kjent med grisen og høna.
  • Bli med i fjøset og lukt og ta på dyra.
  • Kva får me av hønene?
  • Bli med og slakt ei høne.

Frå fagfornyinga:

Naturfag, etter 4. trinn:

  • gi eksempler på god dyrevelferd og reflektere over hvordan dyrs behov kan ivaretas

Samfunnsfag, etter 2. trinn:

  • utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan

Mat og helse, etter 4. trinn:

  • … presentera ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid

Varigheit: 

2 timar pr 20 elevar

Kan bestillast: 

Veke 4 – 50

Praktisk informasjon: 

Dersom elevane skal vera med på slakting krev dette godkjenning frå føresette.

Pris:

Gratis

 

 

Send førespurnad