Grisen, høna og fjoset

Kven er sugga? Kor lenge ligg ein kylling inne i egget? Dette og mykje anna finn me ut av. Det hører også med ein tur ut for å helsa på grisen og fjørkreet. For dei som ønskjer det, kan me slakta ein kylling, og sjå korleis denne ser ut utan klede!

Kort om opplegget:

  • Bli betre kjent med grisen og høna.
  • Bli med i fjøset og lukt og ta på dyra.
  • Bli med og slakt ei høne.

Kompetansemål:

Mat og helse etter 7. trinn (Kjerneelement)

Bruk og val av mat påverkar individet, miljøet og verda vi lever i.

Lær å utnytta råvarer og forstå at mat er ein avgrensa ressurs. På denne måten kan me få berekraftige matvanar og bli bevisste forbrukarar.

Varigheit: 

2 timar

Kan bestillast: 

Heile året

Praktisk informasjon: 

Dersom elevane skal vera med på slakting krev dette godkjenning frå føresette.

Pris:

Gratis

Send førespurnad