Kor kjem steinen frå?

Ved å kjenna steinane og minerala, gjera enkle eksperiment med dei og sortera dei i grupper får elevane kjennskap til ulike steinar og mineral. Me oppfordrar til at klassen samlar stein og tar med til Vitengarden. Om ønskeleg kan elevane støype fossil som dei kan få med seg heim etterpå.

Kort om opplegget:

  • Bli kjent med nokre av dei vanlegaste steinane på Jæren
  • Kva er stein, og kva er inne i steinen?
  • Kvifor er det så mykje stein på Jæren?
  • Korleis har folk på Jæren nytta steinen opp gjennom tida?

Kompetansemål:

Geografi(samfunnsfag)

  • registrere og tolke spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet

Fenomener og stoffer(naturfag)

  • beskrive hvordan noen mineraler og bergarter har blitt dannet, og undersøke noen typer som finnes i nærområdet

Varigheit: 

1,5 time

Kan bestillast: 

Veke 7 – 46

Pris:

Gratis

Send førespurnad