Med utgangspunkt i myrsnitta i utstillinga på Vitengarden og ein tur ut i Hanabergsmarka lærer elevane om ulike jordsmonn og geologien i området. Er klassen interessert i eit spesielt geologisk emne, kan me legga til rette for det.
Kort om opplegget:
- Danning og eigenskapar
- Transport av stein
- Boringsprofilar
- Kva er skildnaden på jordart og jordsmonn?
- Korleis avgjer me kornstorleiken? Og kva seier den oss?
- Veg og teikn kornfordelingskurve
- Korleis verkar geologien og jordarten på vegetasjonen.
Kompetansemål:
Geografi (samfunnsfag)
- utforske, beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet
Varigheit:
2 timar
Kan bestillast:
Veke 16 – 46
Pris:
Gratis