Flyverkstad: helikopter og sugerøyrsrakett.

Korleis kan me laga eit helikopter av papir? Og korleis byggjer me ein rakett av sugerøyr?

I flyverkstaden får barna utforska korleis ulike ting kan flyga. Gjennom praktiske aktivitetar får dei laga, prøva, undra seg og justera undervegs.

Kort om opplegget

Barna lagar rakettar av sugerøyr og undersøker korleis dei kan få raketten til å flyga lengst mogleg.

Me lagar òg papirhelikopter og ser korleis dei svevar ned frå ein høgde.

Dette får barna øva på

  • å bruka fantasi, kreativitet og skaparglede
  • å utvikla motoriske ferdigheiter, koordinasjon og kroppskontroll
  • å bruka ulike materiale, reiskapar og enkle teknikkar
  • å utforska naturfenomen og fysiske lover
  • å laga konstruksjonar, testa dei og gjera endringar
  • å samarbeida, undra seg og finna eigne løysingar

Barnehage
Alder:
3–6 år
Tidsrom: Heile året
Varigheit: 45-60min

Send førespurnad