Kva er straum, og korleis kan vind og vatn brukast til å laga han?
Kort om opplegget
Me samtaler om kva straum er, og kvar han kjem frå.
Barna set saman modellar av vindturbinar og undersøker om dei klarar å produsera straum. Kan me få lyset til å lysa, motoren til å sviva og høgtalaren til å laga lyd ved hjelp av vind?
Me prøver òg å få ein vassturbin til å produsera straum. I Noreg kjem mesteparten av straumen frå vasskraft. Men kva er eigentleg vasskraft, og korleis verkar ho?
Kva kan me læra?
- Oppleva, utforska og eksperimentera med naturfenomen og fysiske lover
- Få kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, læra av naturen og utvikla respekt og forståing for korleis me kan ta vare på han
- Utforska kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på
- Utforska ulike landskap, bli kjende med institusjonar og stader i nærmiljøet og læra å orientera seg og ferdast trygt
- Bli kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar
Alder: 4–6 år
Tid: 45-60min
Tidsrom: Heile året