Eksperiment de kan gjere sjølv

Pedagogane på Vitengarden har laga korte filmsnuttar med tips de kan gjere sjølv, heime, i barnehagen, på skulen og på SFO.

Alle eksperimenta tek utgangspunkt i å bruka ting dei fleste har heime, i barnehagen eller på skulen.

 

Magisk bønne

Lag ei magisk bønna med klinkekula og sølvpapir. Ho høpp og danser i handa di og vennane dine vil verta fortrylla.

 

Sugerøyrsrakett

Lag ein kul litan rakett med to sugerøyr i ulik dimensjon og skyt han rett i taket. Kven klarar skyta lengst?

 

Sugerøyrsfløyte

Lag ei fløyta av sugerøyr. Kort fløyta gjer høg tone, lang fløyta gjer låg tone.

 

Regnbogekunst

Lag flott kunst med konditorfargar, mjølk og oppvasksåpa. Såpa reduserer overflatespenninga på mjølka, på same måten som når ein drypp det nedi vatn i vasken. Dette er å likne med ein ballong eller såpeboble som sprekk. Fargane i overflate hinna vert dregne utover og lagar flotte fargemønster.

Send førespurnad