Korleis ser menneska ut inni? Kor stort er hjarta? Kor mykje luft er det plass til i lungene? Klarer du få grisen til å hyla? Gruppa blir delt i mindre grupper som arbeider seg gjennom disseksjonen.
Kort om opplegget:
- Kva organ me finn inni grisen!
- Hjarta, lunger, strupe, luftrøyr m.m
- Kor mykje veg hjarta?
- Kor mykje luft er det plass til i lungene?
- Får du grisen til å grynte?
- Kvifor renn ikkje blodet feil veg frå hjarta?
Frå fagfornyinga:
Frå naturfag: gje elevane kompetanse til å forstå sin eigen kropp og ivareta si eiga fysiske helse.
Varigheit:
1 time per 20 elevar
Kan bestillast:
Heile året
Praktisk informasjon:
Ta på klede som de ikkje er redde for å skitne til!
Pris:
Gratis