Den gamle garden og dyra

Bli kjend med den gamle Kviagarden. Kva kallar me dei ulike bygningane? Kva slag dyr er det på garden? Korleis budde folk i gamle dagar? Opplev dyra på nært hald, hopp i høyet og utforsk utstillingane på vitensenteret.

Kort om opplegget:

  • Opplev eit gardsbruk på Jæren anno 1950 med dyr og reiskap. Sjå korleis bonden, bondekona og borna hadde det i heimen og undra dykk over skilnadane på korleis ein levde før og korleis me lever no.
  • Utforsk dei jordbruksrelaterte utstillingane på vitensenteret

Frå rammeplanen:

Ein skal sørge for at barna:

  • Får oppleve og utforske naturen og mangfaldet i naturen
  • Får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid
  • Får kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen
  • Får kunnskap om dyr og dyreliv
  • Vert kjende med lokalhistorie og lokale tradisjonar
  • Vert kjende med ulike tradisjonar, levemåtar og familieformer

Varigheit: 

1 time

Kan bestillast: 

Heile året

Send førespurnad